#herotozero 3 og 4

I november har eg som prosjekt å sjekke innom Zero Waste-livsstilen for å sjå om dette er noko som går an å leve etter eller i alle fall strebe mot også på landsbygda. Eg har kalla prosjektet #herotozero, og eg vil skrive litt om dei ulike opp- og nedturane her.

Eg har hatt som mål å publisere noko frå Zero Waste-prosjektet kvar torsdag i november. Men førre torsdag var eg litt oppteken, så difor kjem avsnitt tre og fire i søppelsoga saman denne gongen. Førre torsdag var eg nemleg litt oppteken men å setje til verda denne vesle karen:

 

img_7636

Ein fødsel er kanskje ikkje Zero Waste, men det er i alle fall ei no bullshit, cut the crap-oppleving. Og det er han som må leve med dei dårlege vala vi gjer.

Av og til må ein setje prinsipp om både blogging og Zero Waste til side… For det skal seiast at sjukehus ikkje akkurat har fokus på å begrense søppelproduksjonen! Eingongs plast og eingongs papir var regelen. Men i hygiene og praktiskheita sitt namn så tykkjer eg faktisk at akkurat sjukehus skal få gå framst i køen når det gjeld kven som skal få «lov» til å forsøple her i verda. Likevel trur eg det er mange institusjonar, som til dømes skular, barnehagar, kommunehus og sjukeheimar som kunne gjort ein verkeleg stor skilnad dersom dei sette seg føre å begrense mengda søppel dei produserar, eller i alle fall korleis dei handsamar avfallet sitt. Noko av det som er mest tydeleg undervegs hittil i denne månaden er nemleg i kor stor grad folk (og eg sjølv også, eigentleg) går på autopilot. Vi tenkjer ikkje to gongar over at vi tørkar hendene på uavgrensa mengde tørkepapir etter kvart toalettbesøk. Vi tenkjer ikkje over at vi brukar plastbeger og plastbestikk når vi kjøper salat frå salatbaren på butikken. Vi tenkjer ikkje over at det finst alternativ til plastpose til matvarene eller våtserviettar til barnerumpene. Og det andre som har vore tydeleg denne månaden er kor lett det er å gjere små endringar i eigne vaner som kan gjere ein verkeleg stor skilnad på mengda søppel ein forbruker. Hittil når eg har høyrt om Zero Waste så har eg sett føre meg folk som handlar matvarer i noregsglas. Men det eg har oppdaga etter kvart er at ei reise mot null søppel ikkje handlar om å produsere null søppel frå dag ein, men altså å gradvis legge om vanene sine for å sitje att med minst mogleg avfall. Eit medvite forhald til eigen søppelproduksjon tvinger deg til å ta andre val i kvardagen. Her er nokre av dei grepa som eg har gjort:

  1. Alltid ha med handlenett på butikken
  2. Setje ein «uønska reklame – nei takk»- lapp på postkassa
  3. Ta kontakt med lag og organisasjonar ein mottek adressert reklame frå for å be dei heller sende nyhendebrev og medlemsblad digitalt
  4. Ta kontakt med produsentar som du meiner kunne endra på emballeringa si og gje konstruktive tilbakemeldingar
  5. Unngå matpapir og plastposar – bruk matboks (helst i stål, sidan det har større gjenvinningsverdi enn plast)
  6. Unngå tomflasker og eingongskoppar – bruk drikkeflaske (helst i stål, sidan det har større gjenvinningsverdi enn plast)
  7. Tenk gjennom kva du kjøper. Vel produkt som har:
    1. Minst mogleg emballasje per vekteining (store kvanta er betre enn små)
    2. Som er pakka i emballasje som har høg gjenvinningsverdi
  8. Kjenn gjenvinningsverdien til ulikt avfall. Det beste er å unngå avfall heilt, men i hovudsak er dette ein prioritert rekkefølge:
    1. Ingen avfall
    2. Komposterbart (merk at bleier ikkje er komposterbart, sjølv om ein i til dømes Gloppen kan kaste bleier i organisk avfall. Grunnen til dette er at ein fjernar plasten og den andre gørra frå komposten når bæsjen og tisset er kompostert)
    3. Glas, metall og papp. Dette kan gjerast om til nye produkt som er av like god kvalitet som det dei vart smelta frå. I tillegg er det nedbrytbart på lang sikt.
    4. Plast. Resirkulert plast får dårlegare og dårlegare kvalitet for kvar runde av gjenvinning det må gjennom. Plast er heller ikkje nedbrytbart, noko som resulterar i  mikroplast på dei raraste stader og «plasthav» i verdenshava
    5. Restavfall. Dette er alt det som er blandingsavfall eller ikkje kan gjenvinnast av annan grunn.
  9. Forbruk mindre og av betre kvalitet
  10. Spre den glade bodskapen til alle! Utfordre andre til å bruke thermokopp og matboks, eller til å handle med handlenett.

Eg er kanskje rart sett saman, men eg tykkjer at utfordringar av denne typen er noko av det kjekkaste eg gjer. Å gå gjennom vaner og tankesett for å sjå at alt er mogleg å endre på eller å gjere på ein betre måte tykkjer eg er kjempeinspirerande og fascinerande. Eg vil på ingen måte hevde at vi kan avlyse klimautfordringane i verda ved å bruke matboks, men det står som ein representant for at det alltid er mogleg å gjere eit betre og meir gjennomtenkt val, og at alle kan bidra til å redde verda litt.

Herotozero #2: Lausvekt

I november har eg som prosjekt å sjekke innom Zero Waste-livsstilen for å sjå om dette er noko som går an å leve etter eller i alle fall strebe mot også på landsbygda. Eg har kalla prosjektet #herotozero, og eg vil skrive litt om dei ulike opp- og nedturane her.

I går var vi til Førde på overtidskontroll (alt fint, berre venting gjenstår). Og sidan vi fyrst var i «byen» så nytta vi høvet til å teste ut dei nyleg sydde handlenetta våre! Eg fekk ein rest med blondegardinstoff frå bestemor mi, og av det har eg sydd eitt stort og to små handlenett med snor til å stramme. Slike har eg fått tips om mange stader, sidan dei er så lette at dei ikkje utgjer ein stor sum på vekta i kassa og sidan dei er gjennomsiktige.

img_7591

Førde har nemleg noko så urbant som ein innvandrarbutikk! Best Asia Mat, sjølvsagt like ved Best-stasjonen i sentrum. Eg hadde aldri vore der før, så vi visste ikkje kva vi ville finne, men hadde med oss ein del handlenett og håpa å i alle fall finne litt ferske grønsaker, kvitlauk og chili.

Det heile enda med å verte dagens høgdepunkt, noko som er ganske godt gjort sidan vi også hadde vore på ultralyd, som omlag er det stasaste som finst! Ikkje berre hadde Best Asia Mat både kvitlauk og chili og mykje anna i lausvekt, dei hadde også tokilosposar med alle moglege bønner! Rett nok ikkje i lausvekt, men det er GANSKE mykje mindre avfall kring ein tokilossekk enn kring ei pakning med 300 gram, tenkjer no eg. Sjølv om det var plast. Bur ein i distriktet så må ein kompromisse litt.

Og så! Like ved kassa fann eg sjølve rosina i pølsa, som fekk meg til å danse ein liten gledesdans der eg sto; nemleg VALNØTTER OG MANDLAR I LAUSVEKT!!! Valnøttboksen som du får kjøpt på Coopen er ein av emballasjeverstingane, sidan sjølve boksen både er plast, papp og metall som ikkje går an å skilje frå kvarandre og dermed må i restavfall. Og så valnøtter som ER SÅ GODT!!! (kan hende er dette ei graviddille som kjem til å gå over med ein gong ungen er ute…) Eg hadde eigentleg forsona meg med at eg ikkje ville kjøpe valnøtter meir, på grunn av standardpakken, men no fylte eg opp handlenetta med nesten ein kilo av kvar nøtt og dansa (i den grad blåkvalar kan danse) lukkeleg ut av butikken!

 

fil_007

(K)valnøtter og mandlar, lukka i nøtteform.

Og her er heile utbyttet:

fil_000

Nøtter, jalapenos og vanlege chiliar, kvitlauk i store kvanta (rett nok i plastemballasje, men), samt daal, to typar kvite bønner og kikerter, alle i tokilosposar.

Vel heime var eg litt ergeleg over at eg ikkje hadde store nok glaskrukker til å tøme alle bønnene over på slik som alle hardcore Zero-Wastarar har, og som ser så fint ut i hyllene. Men no har eg ført dette opp på ønskelista til jul, så til då får bønnene klare seg litt lenger i plasten sin.

Chilien har eg lagt til tørk i omnen, og skal henge på snor når dei er ferdige med grovtørken, og jalapenoen har eg lagt i saltlake til fermentering.

 

Det syner seg at lukka også kan kome i form av valnøtter i eit blondenett.

Novemberutfordring: Mindre søppel #1

Vi har nettopp flytta attende i nyrenovert hus etter at vi hadde vasslekkasje i slutten av september. Vi fekk bu hjå foreldra mine medan det heile pågjekk, noko som etter kvart vart fem veker. Spanande tilstander når eg hadde termin 4.11. (Framleis ingenting anna enn venting på den fronten). For å fylle ventetida og permisjonstida med noko så bestemte vi oss for å nytte høvet til å reevaluere alle eigendelane våre etter den etter kvart så populære KonMari-metoden, frå den minste sokk til bøkene og møblane våre. Det vart eit omfattande prosjekt som fylte heile oktober, men som no har gjort at vi kan flytte attende i eit hus som kjennest heilt nytt, og som kun er kun av ting vi likar eller har bruk for. Og når minsteknert er ute skal vi etter kvart få arrangert eit mikroloppis der pengane går til Leger utan grenser.

All ryddinga gav blod på tann for min del, og eg bestemte meg for å ha eit liknande prosjekt for november også, og denne gongen skrive om det her på bloggen. Om det er den gode kjensla av å luke i eigne vaner og eigendelar som er sterkast, eller om det er den klassiske reirbygginga som slår til veit eg ikkje, men denne månaden skal altså verte fylt av mindre søppel. Dei fleste har kanskje fått med seg «Zero Waste»-røyrsla? Dei som har sett på «Live redder verden. Litt» har kanskje fått med seg at det i alle fall inkluderar å ha med eigen emballasje på handletur. Men etter å ha gjort litt research mellom anna på facebookgruppa til Zero Waste Norge og på internettet, skjøna eg etter kvart at det eigentlege målet er å legge om livsførselen og vanane i kvardagen slik at ein legg att minst mogleg avfall langs livsvegen. Anten det er fysisk avfall eller om det er Co2-utslepp. Altså å  leve mest mogleg medvite på eige forbruk og handlevanar.

I går lasta eg ned denne boka og byrja lese:

last-ned

I dag har eg hatt min fyrste handletur med minst mogleg avfall som mål (i tillegg til maten, sjølvsagt):

Spent!

Spent!

Det som sto på handlelista var dette:
– Lettmjølk
– H-mjølk
– Havremjølk
– Kålrabi
– Isbergsalat
– Sitronsaft
– Soltørka tomat
– Pasta

Dette er ei ganske beskjeden handleliste, men sidan vi aldri veit om vi kjem til å vere heime eller på fødestova ved middagstid, så må vi ta det litt med ro på ingrediensfronten.

Resultat:
– Mjølk: Her er det ikkje så mykje anna å gjere enn å kjøpe mjølkekartongar og skylje, brette og stappe slik vi er lærte opp til. I Slovenia var eg ein gong på ein marknad der dei hadde mjølkedispenser som du sjølv kunne fylle drikkeflasker eller liknande med, men mattilsynet hadde sikkert fjerna den etter fyrste mjølkesprut. Alternativt kunne eg ha gått til mjølkefjøset til naboen min og fått fylt ei flaske, men gravide skal helst ikkje ha upasteurisert mjølk. Dessutan hadde vel mattilsynet rynka på nasen av dette også.
– H-mjølk: Dette plar vi vanlegvis ikkje å kjøpe, men her er planen å bruke denne til å lage eigen yoghurt. Vi brukar allereie den tyrkiske yoghurten i literspann (her i huset går den under namnet «bartegurt», etter bartemannen på pakken), men om vi kan lage ein liter eigen yoghurt eller to så sparer vi i alle fall litt plast.
– Havremjølk: Det er eg som drikk denne i mitt noko vinglande forsøk på å ha eit vegansk kosthald. I dag la eg merke til at Coop si eiga havremjølk hadde ein liten plastringdings under loket, så difor valde eg Oatly sin for å sjå om dei har klart å la vere denne ekstra søppelbiten.
– Kålrabi: UTAN PLAST! Kålrabi og hovudkål er tydelegvis blant dei få varene som slepp plastemballasje. Elles var det sørgelege greier i grøntdisken! Plast med plast på så langt auget kan sjå.
– Isbergsalat: Eit resultat av dårleg planlegging. Vi leiger hus hjå den største salatprodusenten i fylket. Dermed veit eg godt at salatsesongen er over for lengst. Men det er jo måndag, og då plar vi ha salat til middag. Dermed måtte eg bite i plasteplet og kjøpe isbergsalat i plast. Eigentleg burde vi handle etter sesong og ikkje ha salat med somaringrediensar midt på vinteren, men så veit eg også at salaten får plast på seg i det sekund den vert skoren. Det er så og seie umogleg å få tak i plastfri salat, til og med i sesong. Løysinga er sannsynlegvis å dyrke sjølv (eller få gå i åkeren til sin salatdyrkande nabo).
– Sitronsaft: Her vurderte eg å kjøpe sitroner i store kvanta på Coopen og lage saft av dei sjølv, men så kom eg på at vi kvitta oss med juicemaskina under den store ryddesjauen førre månad. Eg slo meg til ro med å kjøpe/ta med heim ei stor flaske frå kafeen min. I etterpåklokskapens lys ser eg at eg heller burde vente til eg var sikker på at eg skulle bruke sitronsaft og heller kjøpt eit par sitronar som eg kunne pressa for hand til formålet (som er hummuslaging).
– Soltørka tomat: Her kjøper vi inn i tolitersboksar på kaféen, så eg fekk fylt på eit syltetøysglas med det der.

img_7583-2

Deilig soltørka tomat i store mengder

img_7584

Kjekk veslesyster på jobb fyller lydig opp glaset til noko miljøkoko storesyster i permisjon.

– Pasta: Eg gjekk for soyaversjonen som er pakka inn i plast. Den er nemleg vegansk. Men her møter vi eit problem som eg følte på med fleire av varene over, nemleg:

Men kva skal ein velge då?!
Skal ein velge økologisk, avfallsfritt eller vegetarisk/vegansk? Tomatane i lausvekt er frå Spania og dyrka i drivhus. Ikkje er dei økologiske heller. Pastaen som eg lagar sjølv er med egg, som jo ikkje er veganske akkurat. Og om eg skal kjøpe egga frå lokale produsentar så er dei ikkje økologiske, sjølv om ein kan kutte på emballasjen.

Og skal ein la vere å velge varer berre fordi dei er pakka inn i plast? Eg kunne jo klart meg utan havremjølk eller soltørka tomatar, men. MEN!

Her er dei tre varene som var mogleg å få tak i utan emballasje:

img_7587

Fv: Kålrabi, stor sitronsaft og soltørka tomat i syltetøysglas

Eg er spent på å sjå kvar dette endar! Følg med gjennom november for å sjå korleis vi løyser søppelproblematikken men ein ny baby i hus!