Om oss

bilde (1)

Vi er Martin og Marièl. Vi er gift med kvarandre, og tykkjer begge to at det var det luraste valet vi nokon gong har teke. Vi traff kvarandre som studentar i Trondheim, der vi begge studerte musikk. No har vi nettopp vendt skinnvestar og domkyrkje ryggen og flytta til vestlandet, til Sandane, der Marièl kjem frå, for å ta til i jobb som organist og lærar. Konseptet Marièl og Martin er under stadig utvikling, men hovudtrekka kan oppsummerast slik:

– Vil redde verda. Tykkjer at alle bør ville det same.

– Tykkjer at grønt er den finaste fargen. Det er fordi naturen er vår venn.

– Køyrer raud boble.

– Vår største framtidsdraum er å eige eit småbruk der vi kan drive med sjølvforsyning.

– Tykkjer kålrot er den beste rotfrukta.

– Sjølvgjort er vølvgjort.

6 thoughts on “Om oss

  1. Yeah!! Jeg heier på dere, og deler de fleste ambisjonene. Bare synd dere flytter til Vestlandet…..

    Mvh Martha 🙂

Kommenter innlegget